juni 23

Rauerfjorden blir marint verneområde



Regjeringa har i dag oppretta to nye verneområde i Fredrikstad kommune i Viken fylke. Rauerfjorden marine verneområde og Teineholmen naturreservat utgjør et samanhengande område med viktige naturverdiar opplyser Klima og miljødepartementet i en melding:


-Oslofjorden har natur vi skal vere stolte av, men tilstanden er fleire stader kritisk både for planter, fisk og andre sjødyr. Eg er glad for at vi i dag er i mål med ei viktig utviding av dei verna områda i fjorden, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.


Området som nå er verna heng saman med Ytre Hvaler nasjonalpark i søraust. Færder nasjonalpark ligg like i nærleiken på vestsida av fjorden. Samla er meir enn 20 prosent av Oslofjorden no verna.



-Jeg er ikkje minst glad for at vi kunne verne dette viktige området i nært samarbeid med Fredrikstad kommune og Viken fylkeskommune, som har stått på for å få vernet på plass, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Dei verna områda inneheld både vakker skjergard, og særeigne naturverdiar på djupet, som korallrev. Artsrikdommen er prega av den baltiske straumen, som gir vatn med lavt saltinnhald og store temperatursvingingar. Området er også viktig for sjøfugl.



-Eg meiner vernet vil vere positivt for det aktive friluftslivet som går føre seg i området. Også kystfisket i området kan forsette som før. Nye inngrep som kan skade naturen, som mellom anna installasjonar på havbotnen, deponering av masse, mudring m.v., og bruk av botntrål, er døme på aktivitetar som blir forboden, seier Rotevatn.



Nasjonalparkstyret for Ytre Hvaler nasjonalpark skal i det daglege forvalte verneverdiane knytt til Rauerfjorden marine verneområde og Teineholmen naturreservat. Saman med Kosterhavet nasjonalpark på svensk side av grensa, er eit samanhengande kystområde med eit samla areal på om lag 752 km2 i Skagerrak, frå Fredrikstad til Kosterøyene og Bohuslän på svensk side av grensa, no verna.